Meieriarbeidarar 1914

mai 18, 2008

Personalet ved Vossestrand Meieri i 1914. Ungguten i midten er Olav A. Vinje (Vinjahagen). Mannen til venstre er truleg Jakob Vik, som pakta meieriet på den tida. Biletet er utlånt av Marta Klette, dotter til Olav A. Vinje


Meieriet 1914

mai 18, 2008

Vossestrand Meieri med omgivelser i 1914. Til venstre over meieriet ser ein løa til Lars S. Vinje (Far til Odd og Sigurd). Bakom løa ligg husa til “Tamburs-Olina”. Dei vart rivne i 1939. Til høgre for meieriskorsteinen ligg ei løe tilhøyrande Knut S. Vinje, vidare vårfjosen til Vetla-Tunet og Lars S. Vinje. Telefonstolpen til høgre ser ein også på andre bilete Biletet er utlånt av Marta Klette.


Meieritomta 1902

mai 18, 2008

Då dette bilete var teke var enno ikkje Vossestrand Meieri bygd. Vegen i framgrunnen går til venstre over Monsbrua. “Gamlameieriet” vart bygd over knausen og kvernavatnet som renn i framgrunnen. Det har vorte påbygd og modernisert fleire gonger og står der enno. Til venstre for huset kan ein sjå kvernhuset til Per-Ola, bestefar til Persen. Enno lenger til venstre kann ein skimta kvernhuset til Vetla-Tunet (Lilletun). Telefonstolpen i framgrunnen og kvernhusa kan ein også sjå på biletet nedanfor.

Her ser vi dei same kvernhusa frå ein annan kant. Riksvegen går bak kvernhusa.